Timeplan for fellesbadstove
Det å ta badstove saman med andre er ein flott måte å bli kjent med sambygdingar og andre hytteålingar på.
Badstovetilbodet blir arrangert av frivillige lag og organisasjonar i kommunen, og skjer til faste dagar og tider gjennom sesongen.
Dersom du vil på fellesbadstove med Hallingdal Vinterlaugarlag (aldersgrense 16 år) bestiller du plass her: Badstove Oppsjø Vasspark – Gibbs.no – Bookingsystem
Med Frivilligsentralen treng du ikkje å bestille tid. Der er det berre å møte opp. Det er «fyrst-til-mølla»-prinsippet som gjeldt.


Bli frivillig
Dei frivillige laga vil gjerne ha fleire medlemmer som kan vere med å drifte badstovetilbodet. Som medlem får du badstove til rabattert pris, og du blir med i eit flott og sveitt fellesskap!
Her kan du lese meir om fellesbadstove i regi av Ål Frivilligsentral og Hallingdal Vinterlaugarlag.
